Sprek på bygdo
Nybyrjar eller erfaren treningsentusiast, treningsstudioa i Strandvik og Baldersheim har noko for deg.
Allereie medlem:
Me tilbyr
Lokasjonar
Du finn oss i bygdene Strandvik og Baldersheim.
Apparat
Ei mengde nye apparat og anna utstyr for garantert svettefest og herleg jarnpumping.
PT-tenester
Me tilbyr rettleiing og tilrettelagt trening med individuell oppfylging av personlege trenarar.
Tilgong
Enkel tilgong med betaling via Vipps og skanning av QR-kode ved inngangdøra.
Ofte stilte spørsmål
Toalett/dusj/garderobe
Strandvik
Det er dusj og toalett i gjestehamna 50 meter frå inngangen vår. Eigen vilkår kan førekome. Inne i studioet er det eit omkledningsrom.
Baldersheim
Herre- og dametoalett inne i treningsstudioet.
Parkering
Strandvik
Mykje plass utanfor, du kan til og med legge til med båt i gjestehamna 50 meter frå studioet.
Baldersheim
Mykje plass utanfor. Gjestehamn for båt ca. 500 meter frå studioet.
Utstyr
Strandvik
2 × power racks, 1 × Smith-maskin, 1 × IPF-godkjent combo rack, pectoral fly/rear deltoid, lat pulldown/low row, functional trainer, adduction/abduction, leg extension/lying leg curl, Roman bench, knee raise, hip thrust, leg press, dumbbells, kettlebells, 2 × tredemøller, 2 × ergometersyklar, 1 × spinningsykkel, 1 × romaskin, 1 × trappemaskin og ein del anna utstyr for ei herleg treningsøkt.
Baldersheim
2 × power racks, Olympic flat bench, lat pulldown/low row, functional trainer, leg extension, seated leg curl, seated leg press, Roman bench, knee raise, 2 × tredemøller, 2 × spinningsyklar, 1 × romaskin, dumbbells (2,5–40 kg), kettlebells (4–20 kg), barbells (10–50 kg), foam plyo box, treningsstrikkar, medisinballar, yogaball og ein del anna utstyr for ei herleg treningsøkt.
Aldersgrense
Aldersgrensa er satt til det året ein fyller 16 år.
Opningstider
Alle dagar heile året frå kl. 05:00 til 23:00.
Gruppetimar
Sjå og meld deg på gruppetimene våre her.
Tilgong
Etter betaling får du opp ein QR-kode. Denne skannast av ein lesar ved inngangsdøra, og så tastar du inn PIN-koden du la inn ved bestilling.
Det kan ta 1 – 5 minutt etter kjøp, før lesaren ved døra er synkronisert med din tilgong.
QR-koden finn du igjen (så lenge du har eit aktivt medlemskap) om du trykker på App i menyen eller lastar ned appen vår.
Kven står bak Bygdagym AS?
Bygdagym AS (org. nr. 932872013) er eit dugnadsdrive treningsstudio stifta i 2024. Det er heileigd av Strandvik Bygdautval (org. nr. 999603009). Selskapet har fått oppstartslån frå Strandvik Bygdautval og Strandvik Idrettslag (org. nr. 992276746), men skal elles vera sjølvfinansiert. Bygdagym vert drifta av styret, sjå her kven som sit i styret.
I 2026 kan Bygdagym ha vorte verdas første franchisekonsept for dugnadsdrivne treningsstudio, då Bygdagym Baldersheim opna.
Bygdagym Baldersheim AS (org. nr. 991787267) er på same måte eit dugnadsdrive treningsstudio. Selskapet vart stifta i 2026 av Baldersheim bygdalag og vert drive av styret, som består av Elin Sundvor, Adrian Revne og Stein-Ove Halhjem.
Kontakt oss
Bygdagym AS
(Org. nr. 932 872 013)
Telefon
Strandvik: 97 08 88 48
Baldersheim: 90 70 86 36
Opningstider
Alle dagar 05.00 - 23.00
Adresse
Strandvik
Håvikvegen 93
5643 Strandvik
Trykk for vegbeskriving
Baldersheim
Store Baldersheim 17
5647 Baldersheim
Trykk for vegbeskriving